Kriseomsorgsgruppa i Volda er aktivert etter drukningsulukka på Årneset i Volda i ettermiddag, skriv Volda kommune på si heimeside.

– Mange var til stades på ulykkestidspunktet. Gruppa arbeider torsdag kveld med å ivareta dei næraste pårørande og vil kome med meir informasjon om tilbod for oppfølging av andre involverte i morgon formiddag, skriv kommunen seint torsdag kveld.

Det var mange born og ungdom til stades og mange er berørt av hendinga.

– Vi oppmodar foreldre eller andre føresette om å vere saman med sine og gje anledning til at dei kan snakke om korleis dei har opplevd dette, skriv kommunen.