Tilrådinga til komiteen vart fremja av Arbeidarpartiet, SV, Raudt og Venstre, ifølgje Stortinget.

Dei fire partia har saman fleirtal i kontroll- og konstitusjonskomiteen.

– No er det viktig at politikarane på Stortinget nyttar denne historiske sjansen til å utvide det norske demokratiet og gi 16- og 17-åringane reell innverknad, seier generalsekretær Birgitte Lange i Redd Barna.

Det er derimot mindre sannsynleg at forslaget får gjennomslag når heile Stortinget skal stemme for det. Eit fleirtal beståande av Høgre, Senterpartiet, Framstegspartiet og KrF er imot å gi 16- og 17-åringar stemmerett i lokalval.

(©NPK)