Det seier Siril Grevsnes Bratten og Markus Farstad Andersen i Ørsta og Volda senterungdom.

Denne veka har dei besøkt Ørsta og Volda vidaregåande skular med «klagemuren» sin. Denne har gitt elevane ved skulane høve til å skrive opp ting dei meiner ikkje er godt nok i lokalsamfunnet og andre stader.

– Det var stort engasjement, og mange saker som vart skrivne opp. No er det stortingsval til hausten, men det var ikkje så viktig for oss at det var nasjonale saker som vart skrivne opp. Det viktigaste var å få dei til å engasjere seg, seier Bratten.

Samferdsel og skulepolitikk var blant dei mest sentrale temaa på muren, men også andre saker, som rettar for lesbiske, homofile, bifile og transpersonar og interseksuelle vart teke opp. Møre og Romsdal manglar eit eige LHBTI-senter.

– Særleg var ein del opptekne av fråværsgrensa i skulen, seier Andersen.

Han legg til at sentralstyret i Senterungdomen kjem på besøk til Ørsta og Volda frå 9. til 11. juni. Dette er eit resultat av at Ørsta vann ein konkurranse om eit slikt besøk blant alle senterungdomslag.

– Vi er eit fersk senterungdomslag, og løfta fram mellom anna Ørsta og Volda som nynorskstad og høgskulestad i søknaden, seier Andersen, som legg til at lokallaget gjerne vil ha nye medlemer.