Kontrakten er på 88 796 820 kr utan mva.

- Arbeida er planlagt starta opp i månadsskiftet august/september og skal vere ferdig i løpet av juni 2019, fortel assisterande prosjektleiar Arne Ola Stavseng i ei pressemelding frå Statens vegvesen.

Tunnelen skal utbetrast for å heve sikkerheita i tunnelen. Etter sommarferien startar dei førebuande arbeida.

- Vi skal bruke tida fram til oppstart i september til å gå gjennom kontrakten med entreprenøren og avklare detaljane for arbeidet og trafikkavviklinga, fortel Arne Ola Stavseng.

Trafikken er planlagt avvikla med kolonnekøyring mellom kl. 19 og 07, bortsett frå på helg. Då blir det fri ferdsel frå laurdag morgon til søndag kveld. Sjå kolonnetider her.