Det var snakk om sekund. Ein hårsbreidd. To liv. Ein verdi som ikkje kan verte målt i kroner og ører. Eller?
<strong>Med mamma på jobb:</strong> Bianca (8 månader) er fast følgjesven når mor Ma Ortiz er på jobb i fotostudio i Liadal. – Eg smiler fordi dette eigentleg er ei solskinshistorie, men utan akuttkirurgien ved Volda sjukehus hadde verken eg eller Bianca vore her i dag. Då hadde vi berre vore ein del av ein statistikk. Eit tal som helseministeren meiner han kan bla forbi fordi han vil spare pengar, seier Ma.