– I går var fire elevar vitne til eller involvert i ei nestenulykke som brått kunne ha tatt livet av ein åtteåring, skriv Siw Rotevatn Vikene, styreleiar i Vikebygda grendeutval i Volda, i eit brev til Statens vegvesen. Brevet er datert 24. januar.

Fleire år

Innbyggjarar i Vikebygda og foreldre ved Vikebygda skule har gjennom fleire år meldt uro om svært høg fart på fylkesveg 45 gjennom Vikebygda.

– Vi har etterlyst fartsregulerande tiltak fleire gonger, utan at noko har skjedd. Det finst ingen fartshumpar, ingen gangfelt og heller ingen fotoboksar på strekninga, skriv Rotevatn Vikene.

Ønskjer fartsdemparar

Ifølgje styreleiaren er brukarane av vegen samde om at fartsdemparar er det rette tiltaket for å dempe farta.

– Gjerne i kombinasjon med heva gangfelt på eit naturleg kryssingspunkt.

Grendalaget ønskjer også fleire fartskontrollar i vegen, med nedsett fartsgrense er dei meir skeptiske til.

– Dette hindrar ikkje moglegheita for å køyre for fort.

Vikebygdvegen har i dag 50-sone på delen nærast Volda, og 60-sone nærare Bratteberg.

Grendautvalet viser også til at Statens vegvesen sine tal viser ein stor trafikkauke på vegen den siste tida.

– Tungtransport kjem i svært stor fart, og trafikkteljinga stadfestar at fartsnivået til tider er høgt. Det er mest trafikk på vegen i perioden frå klokka 07.45 til 09.00, og frå 15.00 til 17.00. Det er då borna går til og frå skule og SFO.

Ber politiet om hjelp

Rotevatn Vikene adresserer ikkje berre Statens vegvesen i brevet. Ho ber også politiet om å ta tak i problemet.

– Vi ber lensmannen og utrykkingspolitiet om å gripe inn med strakstiltak og samtidig krevje tiltak frå kommune og fylke.