Fjordenes Tidende får inn meldingar frå Kinn, Bremanger og Stad om det folk opplever som eit kraftig jordskjelv.

– Eg låg på sofaen og skulle slappe av ei lita stund. Og så kom smellet. Eg trudde huset skulle rase. Eg har høg puls no, seier ein innbyggar i Måløy til Fjordenes Tidende.

Ifølge emsc.eu hadde jordskjelvet ei styrke på 3,3 på Richters skala og trefte utanfor vestkysten av Norge, cirka 53 km unna Florø og 165 km frå Bergen.

Norsar meiner det er sterkare, og justerer skjelvet til magnitude 3,9 på skalaen, og at det trefte 60 km utanfor Florø.

Vindauga dirra

Anchelita Ek bur i Sæternes i Måløy. Ho opplevde jordskjelvet som kraftig.

– Heile huset rista og vindauga sto og dirra. Nokre av bilda på veggen datt ned og noko av julepynten som stod ved dørene velta. Bilda som ikkje datt ned frå veggen blei hengande på snei, forklarer ho og legg til:

– Vi forventar ikkje slike sterke skjelv i Norge. Her er vi meir vande med uvêr. Det var ein veldig spesiell følelse å oppleve dette skjelvet.

Og så Lorelei Pacada i Måløy fekk seg ein skikkeleg kvepp:

– Det jordskjelvet må ha vore sterkt. Eg sat under teppet i sofakroken og såg på Squid Game, drakk kaffi og eg skvatt skikkeleg. Noko som eg ikkje gjer ofte og sa «Kva søren var det der?», seier ho.

Ho har budd 34 år i Norge.

– Eg har aldri opplevd dette før. Det var ein artig og skummel erfaring.

Sprang ut av klinikken

– Det rista kraftig og vi sprang ut av klinikken, seier Ane-Jørgine Frøyen, som driv ein fysioterapiklinikk i Kalvåg i Bremanger.

– Det er første gang eg opplever jordskjelv, men eg blei ikkje eigentleg redd, seier ho.

I ein kommentar på Fjordenes Tidende si FB-side skriv Jorunn Nyborg:

– Tallerkenane klirra i skapet. Det er eit av dei kraftigaste skjelva eg har opplevd i mitt 83-årige liv.

Det kjem også meldingar frå Fjordenes Tidende-lesarar i Stryn, på Nordfjordeid, Haugen, Svelgen, Bremanger, Leirgulen, Skatestraumen, Holvik, Vågsvåg, Sandane, Åheim, Eidså, Fiskå, Syltefjorden, Ørsta, Volda, Hoddevik, Deknepollen, Flatraket, Rundereim, Flokenes, Eikefjorden, Florø, Olden, Ålesund og Høyanger om at jordskjelvet var kraftig.

Fleire opplevde skjelvet som ubehageleg.

Foto: Skjermdump emsc.eu

Seismolog hos Norsar, Annie Jerkins, fortalde i september i år, førre gong det var eit skjelv på Vestlandet, den gongen 3,6 på skalaen, at eit skjelv på denne storleiken er lite i global skala, men at det i norsk målestokk relativt stort.

– Nordvestlandet og havområdet utanfor er eit kjent område med jordskjelv. Sidan 1986 er det registrert 25 hendingar med styrke over 3.0, der det største fann stad i 1988 med styrke 5.3, skreiv Norsar då.

Onsdag kom det altså eit til skjelv i dette området som blir målt til over 3 på skalaen.

Ifølge jordskjelv.no fann det kraftigaste jordskjelvet som nokon gong er målt på norsk territorium stad utanfor Jan Mayen i 2012. Det blei målt til 6,6 på Richters skala.