Frå desember 2022 til desember 2023 har prisane på mat og drikke stige med 8,9 prosent. Samla prisvekst for denne tolvmånadersperioden enda på 4,8 prosent. Tolvmånadersveksten er uendra frå november.

– Prisveksten på mat og alkoholfrie drikkevarer held fram med å vere det som bidreg mest til at tolvmånadersveksten i KPI held seg på eit høgt nivå, seier seksjonsleiar Espen Kristiansen i Statistisk sentralbyrå.

Den såkalla kjerneinflasjonen (KPI-JAE), som er prisar justerte for avgiftsendringar og utan energivarer, steig 5,5 prosent i same periode, ned frå 5,8 prosent i november. Det er 0,1 prosentpoeng lågare enn Noregs Bank venta, noko som kan bety rentekutt.

Trur på rentekutt allereie i mars

– Inflasjonen held seg ubehageleg høgt for Noregs Bank, men er i tråd med prognosane deira. Det viktigaste er at kjerneinflasjonen fell vidare. Viss det held fram i same tempo, blir det opna for rentekutt i mars, seier sjeføkonom Kyrre M. Knudsen i Sparebank 1 SR-Bank.

Ifølgje marknaden er det 50 prosent sjanse for at renta blir kutta på rentemøtet i mars. Føresetnaden er at kronekursen ikkje svekkjer seg markert frå dagens nivå.

... eller september

Seniorstrateg Dane Cekov i Nordea Markets ventar lågare inflasjonstal i månadene som kjem enn det Noregs Bank anslo i desember, men han trur ikkje på rentekutt før i september.

– Dagens tal, saman med ein 3.5 prosent sterkare krone enn venta av Noregs Bank, peikar mot eit raskare rentekutt enn Noregs Bank signaliserte på desembermøtet. Vi ser det første rentekuttet i september 2024, medan sentralbanken varsla at første rentekutt skulle komme etter hausten, spår Cekov.

Analysen frå DNB Markets er den same.

– Dette støttar godt opp om forventningane våre om snarlege rentekutt frå Noregs Bank, skriv DNBs makroanalytikar Kelly K. Chen i morgonrapporten sin onsdag.

Neste rentemøte er om to veker.

(©NPK)