Tysdag ettermiddag fekk 110-sentralen melding om røykutvikling i ein båt ved oppdrettsanlegget på Folkestad.

– Ingen open eld. 3 personar om bord. Båten vert taua av annan båt inn til land der naudetater ventar, skriv 110-sentralen på Twitter.

Mannskapet om bord i båten kom seg på land og brannmannskap tok seg om bord i båten etter at den vart taua inn til land.

– Røykdykkarar orienterer om at det ikkje har vore open eld. Låg temperatur i maskinrom. Ingen vidare aksjon, skriv 110-sentralen.