Nyheiter →
Leif (85) på topptur
Voldingen Leif Hoggen nådde toppen av Kolåstinden for første gong 1. påskedag. Den spreke 85 åringen køyrde stilen heilt ut, og tok turen på gamle treski, og med slips og nikkers. Hoggen har alltid vore ein aktiv fjellmann, men dette var første gongen han gjekk Kolåstinden (1.432 m.o.h.). Turen tok han saman med nær familie, mellom andre fjellfotograf Håvard Myklebust.