Generasjonsleikane er eit samarbeid mellom Ørsta ungdomsskule ved valfag «innsats for andre», Velle skule  4. klasse, Ørsta Røde kors omsorg og Ørsta frivilligsentral.

Generasjonsleikane vert arrangert for andre gong i Ørsta og er eit møte mellom generasjonar og bakgrunnar, med felles leik som verkemiddel.

– Vi hadde ein veldig kjekk dag i fjor, og satsar på det same i år. Målet er at generasjonsleikane skal bli ein fast tradisjon i Ørsta, seier Rebecca Riise Bjerknes.

Elevane frå «Innsats for andre» har ansvar for å planlegge og gjennomføre leikane med hjelp frå Velle-elevane. Ørsta Røde kors syter for at alle får litt mat i magen.