Eidsnakktunnelen på E39 mellom Volda og Grodås vart stengt grunna bilberging ein periode søndag kveld. Vegtrafikksentralen melde om stenginga litt etter klokka 1800 søndag, men litt før 1930 vart det meldt at tunellen var open att.

Vegtrafikksentralen seier til Sunnmørsposten dei fekk ein nauddtelefon frå ein bilist som hadde punktert.

Tunnelen var stengt fram til bilen vart frakta ut av bilbergar.