Det har Avinor forklart overfor statsforvaltaren, og no hevar statsforvaltaren grensene for kor mykje kjemikalium flyplassen kan late gå i grunnen.

Det har ei stund vore klart at Ørsta – Volda lufthamn somme år kan overskride grensene for utslepp av kjemikalium nytta m.a. til avising av flya. Men på eit gjennomsnitt held flyplassen seg innafor grensenivået.

For å vere på den sikre sida, søkte difor Avinor i fjor om løyve til eit auka nivå på utsleppa, og då det vart klart at Hovden frå 1. april ville få fleire ruter, kom det inn ein tilleggssøknad om løyve til ein ytterlegare auka.

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har vurdert saka, og gir auka utsleppsløyve for Ørsta – Volda lufthamn i tråd med det som er omsøkt.

«Vi vurderer at eventuell miljøulempe ved auka utslepp ikkje er uakseptabel stor i forhold til samfunnsnytten,» heiter det.