Vegen opp til sjukehuset i Volda må utbetrast. Ambulansetenesta får nemleg stadig tilbakemeldingar frå pasientar som ligg på båra om at det humpar og ristar på vegen opp frå sjukehuskrysset og fram til sjukehuset, skriv avisa Møre.

- Det er ei gjengs oppfatning om at vegen må utbetrast, seier Roar Gjerde i ambulansetenesta på Søre Sunnmøre til avisa.

Han legg til at Sjukehusvegen er i så dårleg stand at noko må gjerast raskt. Også Systervegen er eit lappeteppe på grunn av mykje gravearbeid etter gjentekne vasslekkasjar.