Det vert vår-teljing av hjort natt til laurdag 23. april og natt til laurdag 7. mai.

Det skriv Peder Magnussen, viltansvarleg på landbrukskontoret for Ørsta-Volda, i ei pressemelding.

Teljingane går føre seg frå midnatt og fram mot kl. 06.00 i kommunane Hareid, Herøy, Sande, Vanylven, Volda, Ørsta, Sykkylven og Stranda.

Teljingane vert organisert lokalt i kvar kommune.

Teljingane vert utført med systematisk søk over all innmark. Under teljinga vert det bruka kraftig lys, så det er viktig for folk å vere merksame på lysbruken dei aktuelle nettene.

Resultatet av teljingane er med på å gi eit godt faktagrunnlag for korleis ein skal forvalte hjortestamma på Sunnøre.

Samla resultat av teljingane vert publisert på kommunane si heimeside.