Hendinga fann stad i mai i år, og i retten forklarte sikta at han var på veg til Festøya for å hente ein kamerat og at han sjølv skulle rekke jobben. Han «gav på» og følgde ikkje med på speedometeret. Han var ikkje sikker på kva fartsgrensa var, og erkjente i retten at han hadde ei fart på 108 km/t i 60-sona. Sikta erkjente også straffeskyld etter siktinga.

Retten la vekt på at køyringa skjedde på eit tidspunkt der det er mykje trafikk på strekninga. Det var god sikt då lovbrotet skjedde, og det var våt og bar veg.

I Søre Sunnmøre tingrett vart 19-åringen dømt til fengsel på vilkår i 18 dagar. Fullbyrdinga av straffa vert utsett med ei prøvetid på to år. I tillegg vart han dømt til å betale ei bot på 8.000 kroner, subsidiært fengsel i tjue dagar. Han vart og frådømt retten til å føre førarkortpliktig motorvogn i tretten månader. Til frådrag i tapstida kjem den tida førarkortet har vore beslaglagt. 19-åringen må avlegge full ny førarprøve for å få tilbake førarretten.

19-åringen erkjente at han godtok dommen.