Engeset, som sprang sin første meisterskap for Tjalve, sette inn spurten litt i tidlegste laget. På oppløpet mista ho gullet etter å ha vore i leiinga.

- Eg er nøgd trass alt, oppsummerer ho etter tida 16,23,26. Gullet gjekk på 16,21,99.

- Med fasit i hand ser eg at eg starta langspurten min for tidleg. Eg hadde frykteleg tunge bein i innspurten. Men dette er min første NM-medalje på 5000 meter, og då må jeg seie meg nøgd, oppsummerer hun.

Kristine sprang forsøk på 1500 meter berre to timar før finalen på 5000 meter.

- Tidsskjema her var veldig tett. Altfor tett spør du meg, seier Kristine. Ho kjende seg pigg, lett og fin på 1500 meter.

-Eg hadde tyngre bein på 5000. Ingen tvil om det, seier Kristine som skal springe 1500 finale laurdag ettermiddag.

Trodde på gull

Kristine vedgår at ho trudde på siger då ho sette inn langspurten 300 meter frå mål. Ho var den klart mest meriterte løparen som var med i gullkampen.

- Eg har litt forkjøling siste vekene. Saman med minimalt med konkurransetrening i sommar gjer dette nok at eg er litt lengre frå toppforma på 5000 meteren enn eg hadde trudd. Eg gjorde eit betre 1500-forsøk. Eg håper det held seg også inn i finalen, avslutter ho.

Tekst og foto:

Rune Helle og Dag Eliassen