Driftsresultatet utgjer 2,28 prosent av driftsinntektene, opplyser rådmann Wenche Solheim. Teknisk beregningsutvalg tilrår at denne marginen over tid ligg på minst 1,75 prosent. Det er dermed eit solid resultat Ørsta kommune her leverer.

Overskotet er på 14,9 millionar kroner etter bruk av fond og avsetningar.

Dei frie inntektene (frå skatt og rammetilskot) til Ørsta kommune vart 11,7 millionar kroner høgare enn budsjettert i 2016. Det er med på å forklare noko av resultatet. Netto finansutgifter er om lag som budsjettert

Tenesteytinga i kommunen (inkludert alle sektorane og administrasjonen) har eit netto mindreforbruk på om lag 4,7 millionar kroner.

Volda

Til samanlikning leverte Volda kommune eit netto driftsresultat på 23,6 millionar kroner i 2016, ifølgje rådmann Rune Sjurgard. Dette utgjer 2,86 prosent av driftsinntektene. Også i Volda vart dei frie inntektene høgare enn budsjettert, men ikkje meir enn 2,9 mill. kr over budsjett her.

Det er for låge prognoser frå regjeringa som er årsaka til at både Ørsta og Volda har fått høgare frie inntekter enn budsjettert.

Også i Volda har tenesteytinga mindre forbruk, her på om lag 4,2 mill. kr. Her er også finanskostnadane lågare enn budsjettert.

Strammare dei komannde åra

Det er venta ein strammare kommuneøkonomi i åra som kjem, og både Ørsta og Volda kommunar legg opp til høge investeringsnivå dei neste åra. Mellom anna skal begge kommunane bygge nye fleirbrukshallar, Ørsta er allereie i gang med bygging av nytt legesenter og det same er Volda med nye Øyra skule.

Ørsta kommune legg opp til bruk av midlar frå disposisjonsfondet i heile den komande økonomiplanperioden for å få budsjettet i balanse. Kor mykje som må takast frå fond, er avhengig av både inntektene frå staten og kva det faktiske utgiftsnivået blir.