Det nyinnkjøpte sirkusteltet til Sæbø IL har stått trygt på anleggsområdet til idrettslaget dei siste vekene. Fredag 11. mai går Lothepus og Lizz på scena under Hjørundfjorddansen. Natt til måndag var det kraftig vind på Sæbø og måndag morgon hadde sirkusteltet ramla saman. No blir det arbeidd med å få teltet opp att til Hjørundfjorddansen.

– Om teltet ikkje kjem opp att blir det utekonsert, seier Øyvind Taklo i arrangørnemnda.

Arrangørnemnda har von om over tusen besøkjande til Hjørundfjorddansen i år og det har vore eit lovande førehandssal til arrangementet.