Volda kommune har mottatt søknad kring flagging under Bygdepride frå 7. til 14. mai, og administrasjonen tilrår at det blir høve til å flagge med pride-flagg på Volda rådhus.

Ørsta kommune har sagt nei, og skriv til Bygdepride at det ikkje er planar om revidering av flaggreglement med det første.

Fram til mai i fjor var det berre høve til å flagge med det norske flagget, det samiske flagget eller kommune- eller fylkesflagg frå kommunale offentlege bygningar.

I mai 2021 vart lovverket endra, slik at det vert høve å flagge med andre flagg frå offentlege kommunale bygningar - i samband med arrangement, markering eller merkedag av allmenn interesse.

I utdjuping av lovteksten vert det nemnt døme på dette: «FN-dagen, skulejubileer, pride, festivalar, kulturarrangement, idrettsarrangement og tilsvarande.»

Administrasjonen i Volda har no gjort klart saksframlegg for endring av kommunalt flaggreglement, slik at flaggreglementet blir i tråd med lovverket endra 25.05.2021.

Saka skal handsamast av Volda formannskap 19. april.