I vår vedtok samfunnsutvalet å gje dispensasjon frå kommuneplanen sin arealdel, slik at det kunne verte gjeve løyve til å setje opp ei dagsturhytte på Leknesnakken i Hjørundfjorden.

Statsforvaltaren tok tak i saka, og vedtok å klage. Grunngjevinga er at plangrunnlaget, området er øyremerkt for landbruk, natur og friluftsliv, vart sett vesentleg til sides med ein dispensasjon. Samfunnsutvalet fekk melding om å handsame saka på nytt.

No skal saka opp att, og samfunnsutvalet har valet om å seie nei til dispensasjon, eller seie ja, og få klagen handsama hos ein settestatsforvaltar.

Administrasjonen rår samfunnsutvalet til å seie nei, då dei er samde i at plangrunnlaget vert sett vesentleg til sides med å gje ein dispensasjon.