Åmdaling med skaparglede

I Ørsta sentrum bur det ein åmdaling som har skaparglede. Tidlegare hadde ho keramikkverkstad i kjellaren. No arbeider ho som interiørleiar på Skeidar i Ørsta, og lagar flotte modellbygg i papp på fritida.

Å byggje husmodellar i papp er eit arbeid for dei tolmodige, og Janne Åmbakk har snart bygd 30 modellar av kyrkjer og i tillegg ein del fyrtårn. Foto: Hjørdis Almelid Vikenes