“Vi treng å høyre til” er bodskapen til Verdsdagen i år. Eit av menneska sine grunnleggande behov. Dette veit vi, og har visst lenge. Likevel er det nokon som til stadigheit fell utanfor. Kva kan vi gjere med det?

Vi går eitt år tilbake: Verdsdagen i fjor oppfordra oss til å skape gode møtestader. I år er fokuset på innhaldet i desse: vi må lage meir rom og inkludere!

Tal verdsdagen har fått tak i taler nemleg slik:

“En av fem i Norge opplever diskriminering på bakgrunn av sykdom, kjønn, alder, etnisk opprinnelse eller seksuell identitet. En studie fra OsloMet viste at personer som er åpne om psykiske helseutfordringer i en jobbsøknad fikk 27 prosent færre innkallinger til intervju enn andre kandidater med lik utdanning og erfaring”. “En annen studie fra samme forskningsprosjekt viste at hver tredje arbeidsgiver er usikker på om arbeidstakere med en funksjonsnedsettelse er en like stor ressurs som andre.” “Ferske tall fra Mental Helse viste at halvparten av unge med store psykiske utfordringer ikke søker hjelp. En av tre som blir mobbet på skolen, sier at ingen voksne vet om det.”

“Hver tredje nordmann er bekymret for økonomien sin (..) og opplever økonomisk utenforskap” “Hver femte person i Norge har få eller ingen å vende seg til når de har det vanskelig, og det er flere som er ensomme nå enn før pandemien. For sårbare og marginaliserte grupper, er utenforskapet enda større”

Felles for alle ovanfor, er dei opplev utanforskap i ei eller anna form, og der fins også fleire. Både unge, vaksne, på arbeidsplassen, heime og på skulen. Det er mange!

Tilhøyrsle er ein vesentleg faktor for trivsel, livskvalitet og dernest god psykisk helse. Samanhengen kan vi, så korleis få folk til å “føle seg” som ein del av fellesskapet? Dette kan vere vanskeleg, men med openheit og kunnskap kan ein gjere ein forskjell! Å snakke høgt om desse utfordringane er eitt av verktøya Verdsdagen brukar; openheit reduserer stigma og spreier kunnskap som set i gang debattar og skapar refleksjonar både på gruppenivå og individnivå. Å skape meiningsfulle møtestader er eit samfunnsansvar, og alle har vi ei viktig rolle å spele. Å vite at vi treng å utvide desse møtestadane til å verte meir inkluderande er sentralt i å få folk til å oppleve sosial støtte. Dette kan vere livsviktig for nokon.

Ingen vel å vere utanfor. Difor oppmodast det til å ta del i ein felles innsats for å redusere utanforskap. Hjå Verdensdagen.no finn du mykje god lesnad og fullstendig oversikt over alle markeringar rundt årets tema.

Legg til rette for eit større mangfald der Du er, og du er med på å forhindre utanforskap for nokon. Løft blikket, vi treng å høyre til, så lag plass!