Vinden skapte problem i Hjørundfjorden, og folk i Norangsfjorden var isolerte søndag kveld. For vegen gjennom Norangsdalen er stengd.

Ferja på Hjørundfjorden la seg i ro ved kai på Sæbø frå 17-tida søndag.

– Det er for mykje vind. I tillegg gjekk straumen, fortalde kaptein Ståle Nykrem på «Geiranger» ved 19-tida.

Straumen kom att i 19-tida på Sæbø. Men vinden gav seg ikkje. Alle avgangar vart innstilt ut søndag.

– Det er sterk kuling, opp i liten storm. Og det er nokre kraftige hiv. Det gjer at det er svært vanskeleg å legge til og frå på Lekneset, fortalde kapteinen.