Statssekretær Jon Georg Dale likar ein spøk – og han elskar jobben som statssekretær i eit av dei tunge departementa i regjeringa. Embetsmannen Jon Georg rangerer nest etter statsråden i departementet. Såleis har han makt så det held der han avlastar statsråden i sitt politiske arbeid.

Overordna

Opphavleg var statssekretæren berre overordna embetsverket i politiske saker, ikkje i dei administrative. Etter kvart er likevel statssekretæren vorte ein reell visestatsråd, med både politisk og administrativt mynde.

Statssekretæren opptrer som visestatsråd eksternt og i offentlegheita. Nokre statssekretærar fungerer mest som generelle administratorar, andre får ansvar for bestemte saksområde innan sitt departement. Andre igjen vert sett til å ta seg av interdepartementalt samarbeid, medan nokre får meir utoverretta og PR-prega oppgåver, og ein del kan også verte kontaktledd til parti og stortingsgruppe.

Så det er store sko den tidlegare pølsemakaren Jon Georg Dale har på føtene.

Avgjer

– Eg avgjer saker nærast kvar einaste dag på vegner av statsråden, fortel 29-åringen smilande i dress og dyre brune skinnsko. Han har vorte lagt merke til av mange etter at han i 2010 starta som politisk rådgjevar for Frp på Stortinget. Ein mann med hovud. Det er ein mann med teft, vert det sagt. Og ein mann med humør. Det er også viktig når dagane vert lange og blodsukkeret lågt.

Jon Georg meiner han har den beste jobben.

Draum

– Ja, openbart har eg ein drøymejobb! Etter å ha site ti år i kommunestyre og formannskap, og litt i fylkestinget, og har jobba i opposisjon på Stortinget, så er det ingen tvil om at eg har drive politikk for at eg skal få gjennomslag for noko. No er vi i posisjon der vi får gjennomslag. Klart det er tilfredsstillande, gliser den unge statssekretæren.

Vestsida

Jon Georg Dale er altså opphavleg frå Dalsbygda på vestsida av Voldsfjorden. Og der forventar sjølvsagt alle som kan krype og gå at Jon Georg no skal syte for at det vert Stigedalsalternativet som vert ny stamveg.

– Med handa på hjartet, går det an for deg å vere nøytral i ei slik sak?

– Ja! Det er eg veldig sikker på. Det er slik at uavhengig av kva eg har meint tidlegare, så er eg på jobb for regjeringa, ikkje for meg sjølv eller lokalsamfunnet der eg kjem frå. Dette er eit viktig perspektiv for meg opp i det heile. Men det er eit stort påtrykk i området og folk har forventningar. Men det er også ein del av å ha den jobben eg no har, humrar den trivelege statssekretæren.