– Har du ein musikar i magen, har korpset bruk for deg, sa Hans-Olav Myklebust, leiar av 17. mai-nemnda på Vartdal i år.

Det var fleire hundre som møtte til feiringa torsdag. Vartdalsstranda generasjonskorps leidde an i toget, etter å ha gått i tog både i Barstadvik og på Nordre Vartdal.

Det la også Myklebust merke til, og han oppmoda folk i alle aldrar til å tenkje på å verte med i korpset.

– På Vartdal er det stor dugnadsinnsats, og mykje går bra. Men akkurat no er det korpset som treng di hjelp, oppmoda Myklebust.

Også appellant Anbjørn Steinholm Frislid peika på dugnadsinnsatsen, og nemnde mellom anna skyttarlaget som rekrutterer flest barn og unge i regionen.

– Og nå står de føre eit verkeleg stort dugnadsarbeid, når idrettsanlegget skal realiserast, sa Steinholm Frislid. han vektla at dugnadsånda gjev nasjonsbygginga ein ekstra dimensjon, og poengterte at vartdalingane så absolutt er med på å gjere sitt for å få fram denne dimensjonen.

Det var strålande sol under 17. mai-feiringa på Vartdal, og folk i alle aldrar deltok.

Feiringa vart avslutta i VD-hallen med underhaldning og mykje god mat.