– Det vert svært interessant å opne butikk her i Ørsta, og kundane vil få sjå fleire varer og ikkje berre det vanlege dei får i alle daglegvarebutikkar. Det vert varer frå heile verda Her skal vere ferske varer som m.a. handplukka persille som skal vere billeg, seier Al-Shimari som har busett seg i Ørsta.

Då Møre-Nytt besøkte butikken i Vikegata fredag førmiddag var ein god del på plass, men det mangla framleis litt før det er klart for opning.

– Eg har berre vore i Ørsta i tre dagar. Vi har ikkje fått ferdigstilt fryselageret, men i neste veke så skal det vere ferdig og vi kan opne.

Sjølv om den nye butikkdrivaren er ung så har han erfaring frå bransjen.

– Eg har arbeidd i tre daglegvareforretningar i Fredrikstad, og vennen min driv og butikk i Ålesund.

Butikknamnet er Vika eksotisk mat, og er ein del av ei kjede.

– Akkurat no er vi to tilsette i butikken, men det vert fleire etter kvart. Vi har von om halde på i mange år her i Ørsta, og det er ikkje noko mellombels.