I 2011 sende Ørsta kommune brev til Statens vegvesen der dei fremja ønske om å etablere fire fartshumpar på E39 gjennom Ørsta sentrum.
Kommunen ønskjer humpane på strekninga som har namnet Ivar Aasen-gata, altså mellom Ose bru og krysset Kyrkjegata/Ivar Aasen-gata.
Vegvesenet har ikkje svart kommunen før denne veka.
– Vi seier oss leie for at vi ikkje har svart tidlegare, men vi kan forsikre om at ønsket er registrert, skriv vegvesenet i svaret.
Tiltaket er spelt inn som eit prosjekt til Handlingsprogrammet for perioden 2014-2017.
Vegvesenet har størst forventningar til at fartshumpane kan få pengar gjennom samleposten som gjeld tiltak etter trafikktryggleiksinspeksjonar. Her blir pengane fordelt etter ei rangering av trafikktryggleiken i vegnettet.
Desse pengane er allereie fordelte for 2015, men prosjektet i Ørsta er med å konkurrere om midlane for 2016.