– Fredag fekk vi ny forsyning av fisk frå Ramoen, og i helga var her stor pågang, seier butikksjef Sigrid Roth ved Spar Vartdal.

– Når båten ligg til kai på Vartdal då veit folk at her er fisk å få, og legg turen innom, legg Anne-Birthe Roth Myklebust til.

Ramoen AS satsar tung på konseptet «fresh frozen at sea». Fabrikktrålaren driv både fangst og produksjon på same kjøl, og det tek under seks timar frå fisken kjem om bord til han er ferdig innfryst. Det gjer at kvaliteten på filetane er tilnærma på høgde med heilt fersk fisk. Fisken frå Ramoen har ikkje berre eit godt rykte lokalt, og for Spar Vartdal trekk fisken til seg kundar langt utanom kommunegrensene.

– Det kjem folk frå Ålesund, Hornindal, Stryn og endå lenger sørover, i tillegg til at det er fleire som legg inn bestillingar med nokon som dei veit skal forbi Vartdal.

I Noreg leverer «Ramoen» til Lerøy, som tinar og porsjonspakkar fisken før dei leverer han til NorgesGruppen sine butikkar. I tillegg blir Ramoen-fisken selt på Spar Vartdal på og i nokre andre butikkar på Sunnmøre. For butikken på Vartdal har den frosne fisken nesten blitt ei merkevare.

– I tillegg har vi og bacalao frå Bacalaofabrikken, og folk veit at vi har mykje lokal fisk.

Fabrikktrålaren leverte onsdag og torsdag i førre veke 500 tonn med fisk til Vartdal fryseri. Ramoen fiskar både sei, torsk og hyse, og blant kundane er den frosne torsken ein klar favoritt.

– Det er nokså likt mellom torsk med skinn og torsk utan skinn. Folk byrjar og å få auga opp for hysa, og steikt hyse er svært godt.

– Kor viktig er fisken frå Ramoen for butikken?

– Eg tykkjer at det er veldig viktig. Vi merkar at etter at vi utvida butikklokala så kjem folk for å handle og kjøpe fisk, og det har mykje å seie. Det er viktig for bygda med, seier Roth.

«Ramoen» er også utstyrt for rekefiske og havforsking. Fleksibiliteten gjer at trålaren kan vere i drift året rundt. Ramoen vart døypt i Ålesund 29. oktober i fjor, og er eigd av familieselskapa Eros AS (65%) og dei tidlegare eigarane av Vartdal Fiskeriselskap AS (35%).

Til kai: Spar Vartdal fekk ei spesialsending med fisk då Ramoen lossa i Tromsø før jul, men i førre veke var den fysiske avstanden korta ned då Ramoen låg til kai på Vartdal. Foto: Rune sæbønes Foto: Rune Sæbønes
På land: Palle etter palle med frosenfisk vert henta om bord på Ramoen. Foto: Rune Sæbønes Foto: Rune Sæbønes