Rundt 250 abonnentar på vestsida av Dalsfjorden har vore råka av straumstans onsdag ettermiddag.

Mørenett melde først om straumstans klokka 12.25.

Klokka 14:50 var meldinga frå Mørenett: «Straumen er delvis tilbake, men det blir meir prøving så ein må vere forberedt på at straumen blir utkobla igjen.»

Det er ikkje opplyst noko om årsaka, men Mørenett etterlyste observasjonar av tre som ligg over linja.