Klimaplanen til kommunen er ute på høyring, og i ei fråsegn seier vegvesenet seg stort sett nøgde med planen.

Men vegvesenet saknar mål og strategi for klimatilpassing.

– Eit viktig arbeid vil vere å kartlegge og ha oversikt over tilstand på vegnettet og forhold utanfor som kan påføre skade (ras, flaum mv.). Ved bygging av ny veg vil både plassering og bygging vere viktig, heiter det i fråsegna.

Det vert vist til reglar og retningsliner for korleis vegar skal plasserast i terrenget, oppbygging, drenering mv.