11,4 prosent av norske elevar har nynorsk som hovudmål, skriv nettavisa Framtida. Det siste året har talet gått ned 0,1 prosentpoeng. Talet har gått ned sidan 2001 då det var 14,8 prosent som hadde nynorsk som opplæringsmål, ifølgje SSB.

Elevane følgjer opplæringsmålet som skulen har valt frå 1. til 7. klasse. Frå 8. klasse kan elevane sjølve velja om dei vil halda på nynorsken eller byta til bokmål.

– Det er ein nedgang, men likevel ganske stabilt. Me ser òg av tala at det er særleg i randsonene at nynorsk er under press. I kjerneområda står det ganske greitt til, seier leiar Synnøve Marie Sætre ved Nynorsksenteret til Utdanningsnytt.

Om lag halvparten av elevane i Vestland og Møre og Romsdal har nynorsk som opplæringsmål i skulen. Randsoneområda for nynorsken er dalstrok på Austlandet som Hallingdal, Telemark, Gudbrandsdalen og Valdres. I Innlandet, der dei to sistnemnde dalstroka ligg, var det i 2021 8,06 prosent som hadde nynorsk i skulen i fylket. No er det 7,18 prosent.

– Det er ein nedgang i det totale elevtalet i dei områda der nynorsken står sterkt. Så det handlar ikkje nødvendigvis om ei styrking av bokmål. Den demografiske tendensen er sterkare enn språkskiftet, seier Sætre.

Prosentandel elevar som har nynorsk som opplæringsspråk:

Agder: 3,37 prosent

Innlandet: 7,18 prosent

Møre og Romsdal: 47,91 prosent

Nordland: 0 prosent

Oslo: 0 prosent

Rogaland: 21,67 prosent

Troms og Finnmark: 0,01 prosent

Trøndelag: 0,01 prosent

Vestfold og Telemark: 3,46 prosent

Vestland: 47,92 prosent

Viken: 0,31 prosent

(©NPK)