Neste år er det 100 år sidan Noreg fekk sin første kvinnelege ordførar. Kommunal Rapport s oversikt viser at det framleis er mange kommunar som ikkje har hatt ei kvinne i sjefsstolen.

Andelen kvinnelege ordførarar er på veg opp. Etter kommunevalet i fjor var andelen på nesten 37 prosent. Då fekk 14 kommunar for første gong ei kvinne som ordførar.

Sigrid Simensen Ilsøy er første kvinnelege ordførar i Hol kommune.

– Kvinner tenkjer kanskje meir over kva dei må ofre, dersom dei blir ordførar. Det tek mykje tid. Det er ei kjensgjerning at omsorgsbyrda framleis gjerne fell på kvinner. Det freistar kanskje ikkje å kombinere det med det 24/7-vervet det å vere ordførar er, seier Ilsøy til avisa.

Kristeleg Folkeparti har lågast kvinnedel i Kommune-Noreg med 2 kvinnelege ordførarar av 12.

(©NPK)