Fylkesmannen har hatt til fråsegn søknaden om oppdrett av hjort og etablering av gardsslakteri i Hovdenakken.

– Det er positivt at vert teke initiativ til næringsutvikling i kommunen. Det er likevel viktig at lønsemda i tiltaket vert vurdert, i tillegg til konsekvensane som følgjer med lokaliseringa, heiter det frå fylkesmannen.

Han ber kommunen sjå til at verksemda vil oppfylle krava til hegn og inngjerding, sikrar gode dyrevelferd, unngå rømming og at oppdrettshjort ikkje kjem i kontakt med lokale viltbestandar.

Fylkesmannen er meir skeptisk til eit slakteri.

– For slakteriet må ein vurdere problemstillingar særleg knytt til resipienttilhøva. Vi gjer merksam på at eit større slakteri må ha utsleppsløyve etter forureiningslova. Området har avrenning mot Vatnevatnet og Ørstavassdraget, noko som kan medføre at det kan verte stilt svært strenge reinsekrav, eller at det vert avslag, seier fylkesmannen.

Det er Hans Nicolai Hovdenakk og Jan Eldar Hovdenakk som satsar på hjorteoppdrett i Hovdenakken.