Det seier Terje Kjøde (73). I dag (laurdag) takkar han av som leiar i Sunnmøre Mållag. Dermed er eit mangeårig engasjement som tillitsvald i målrørsla over.

På det meste hadde Kjøde fem verv i målrørsla. Han var leiar i Ørsta Mållag, leiar i Sunnmøre Mållag, sentralstyremedlem i Noregs Mållag og leiar for økonominemnda og organisasjonsnemnda i Noregs Mållag.

– Eg var på eit tidspunkt ein vervgrossist, og det er ikkje så bra det heller. Likevel vart det ikkje for mykje arbeid. Eg greidde å gjere dei oppgåvene eg var sett til å utføre, seier Kjøde, og takkar ei lang organisasjonsrøynsle gjennom politikk og idrettsarbeid for det.

Sidan han var seksten år har Kjøde vore organisert i frivillig arbeid. No er det altså slutt. Han er glad for at han har fått så mange år i organisasjonslivet.

– Eg vil oppmode spesielt ungdom om å vere aktive i politisk arbeid eller organisasjonsliv. Det gjev rikdom, og det er lærerikt. Ikkje minst lærer du at dei du er saman med kan vere minst like gode menneske som deg sjølv om dei har eit anna syn på sakene som vert diskutert, insisterer Kjøde.

Han har vore medlem i Noregs Mållag i fleire tiår.

– Eg vart vald til leiar i Ørsta Mållag i 2005, og sat som leiar i åtte år. I Sunnmøre Mållag har eg vore leiar i seks år, fortel Kjøde.

Han vart landskjend som nynorskforkjempar lenge før han fekk verv i målrørsla. I 1984 kom filmen om Ronja Røvardotter. Då sat Kjøde som leiar i kinostyret i Ørsta, og kinosjef var Gunnar S. Moe.

Arbeidde

– Vi arbeidde hardt for at Ronja Røvardotter skulle verte teksta på nynorsk. Vi nådde fram, og filmen var den fyrste som vart teksta på nynorsk sidan krigen, fortel Kjøde.

Det er ikkje alltid han har vore ein ihuga målmann. I tjueårsalderen arbeidde han som journalist i Sunnmøre Arbeideravis. Der skreiv han saker både på nynorsk og bokmål.

– Eg var vel tilhengjar av den lina Arbeidarpartiet hadde på den tida, altså samnorsk. Då eg skreiv på bokmål, la eg meg opp mot nynorsken. Då eg skreiv nynorsksaker, la eg meg opp mot bokmålet, fortel Kjøde.

Men etter kvart endra han syn.

– Eg fekk interesse for nynorsk språk, kultur og identitet. Dette engasjementet har vorte sterkare og sterkare, og no har eg vorte såpass gammal at målsaka er det einaste som hissar meg opp, seier Kjøde med eit smil.

– Det er uråd å spå korleis nynorsken vil stå seg i framtida. Likevel har nynorsk aldri stått sterkare enn i dag. Aldri har så mange born i grunnskulen hatt nynorsk som opplæringsspråk. Det er 78.000. Rett nok er prosenten lægre, men det er fordi vi har vorte fleire i landet. Aldri tidlegare har det vorte gjeve ut så mykje nynorsk litteratur, og aldri har det vorte nytta så mykje nynorsk i NRK som no, fortel Kjøde.

Trugsmåla mot nynorsk meiner han er sentralisering og stadige åtak på nynorsk som skulemål.

– Men nynorsken har vorte spådd død fleire gonger utan at det har skjedd, seier Kjøde.

Når han no avsluttar sitt siste valde verv, skal han bruke meir tid på å skrive og lese.

Pusse

– Og kanskje pusse opp att framandspråka eg ein gong har lært, seier Kjøde.

Han likar ikkje å verte spurt om kva han etterlet seg som leiar for målrørsla lokalt.

– Men viss eg skal vere innbilsk, trur eg at vi dei siste tiåret har greidd å setje nynorsken på dagsorden i Ørsta: Vi har fått augo opp for at nynorsk og Ivar Aasen er ein ressurs for Ørsta kommune, seier Kjøde.