Torsdag formiddag var det eit trafikkuhell mellom ein bil og ein lastebil på fv5912 langs Hjørundfjordstranda, mellom Festøy og Ytre-Standal.

– Ein person er lettare skadd, i personbilen. Naudetatane er på veg mot staden. Vegen er sperra, skreiv politiet på Twitter.

Brannmannskap frå Ørsta og Vartdal rykte ut til trafikkulykka opplyser 110-sentralen.

– Glatt i området. Vegen er sperra, skreiv 110-sentralen på Twitter.

Vegtrafikksentralen Midt opplyste at vegen er sperra like aust for ferjekaia. Klokka 13.00 opplyste Vegtrafikksentralen at det var opna for manuell dirigering medan arbeidet med berging av personbil gjekk føre seg.