Andre påskedag var siste dag med StikkUT! Vinter. Dette inkluderer både ski- og vinterfotturar. 1. mai startar sommarsesongen.

Nokre har vore ivrigare enn andre, og blant dei aller ivrigaste er Sunniva Vågen Dimmen. Ho har vore på alle turmåla i Volda kommune. Friluftsforeininga i Volda løftar fram Sunniva og hennar prestasjonar på facebook-sida si.

StikkUT! skal vere akkurat det du vil gjere det til sjølv. Du kan besøke nye turmål, besøke flest mogleg turmål eller du kan velje å besøke dei same kjende turmåla gong etter gong. Du kan også ta turen til andre kommunar og gå turar der.

1.mai står altså ny StikkUt-sesong for døra. Dei nye turane rundt om i kommunale er valt ut etter innspel frå innbyggarane.