Politiet i Møre og Romsdal melder om at UP har hatt to kontrollar langs E39 i løpet av onsdag kveld og natt. Den eine kontrollen var i sekstisona i Liadal, og den andre i sekstisona på Nordre Vartdal.

På Nordre Vartdal natt til torsdag vart det skrive ut tre forenkla førelegg. Høgaste fart i sekstisona var 85 km/t.

Det viste seg at den eine sjåføren tidlegare same døgnet hadde vorte registrert med for stor fart i Liadal. Og med prikkane frå Liadal lagt saman med prikkane på Nordre Vartdal, vart det førarkortinndraging.

Under kontrollen i Liadal vart det skrive ut ni forenkla førelegg, og det vart gjort eit førarkortbeslag. Høgaste fart var 93 km/t.