Kriseleiinga i Ørsta kommune var samla til møte tysdag kveld. Der vart det bestemt å stengje Vartdal skule og Vartdal barnehage onsdag grunna ekstremvêret Ingunn.

– Skulen vil ha digital heimeundervisning. Det er meldt vind med orkan i kasta på Vartdalstranda på ettermiddag og kveld. Under slike vertilhøve vil det vere farleg å opphalde seg utandørs.  Også bruk av bil er risikabelt og bør avgrensast til eit minimum, heiter det i ei pressemelding frå Ørsta kommune.

- Det vert etablert naudvatn på Vartdal brannstasjon, dersom det vert straumbrot som påverkar vassforsyninga på Vartdalstranda.

I tillegg er det bestemt at kulturskulen i Ørsta held stengt onsdag.

Kriseleiinga oppmodar innbyggarane i Ørsta kommune om å halde seg mest mogleg i ro.

– Dei som har høve til å jobbe heimanfrå bør vurdere det. Vindkasta vil vere på det sterkaste på sein ettermiddag/kveld. Vi oppmodar difor om at utandørs aktivitetar vert avlyst.

Tekniske tenester i kommunen har kalla inn ekstra mannskap og førebur seg på moglege situasjonar som kan oppstå grunna ekstremvêret.

Skal få melding direkte frå barnehage og skule

Volda kommune opplyser at føresette til barn i barnehage og skule får melding direkte gjennom barnehagen/skulen sitt meldingssystem dersom barna skal halde seg heime onsdag.

I samband med at det er sendt ut farevarsel om ekstremt kraftig vind rår oppvekstkontoret til at dei minste barna skal få følge heim onsdag.

– Vi held SFO, skular og barnehagar opne, men oppmodar om at dei yngste skal sleppe å gå heim aleine, seier kommunalsjef oppvekst Per Ivar Kongsvik.