Farevarselet er nedgradert frå raudt til oransje for ytre strøk, og frå oransje til gult for indre delar av Møre og Romsdal. Det kan framleis kome svært kraftige vindkast utover kvelden og natta, melder Volda kommune i ei pressemelding onsdag ettermiddag.

Møre og Romsdal fylkeskommune melder om at det vert normal skuleskyss torsdag 1. februar.

Men når stormen har gitt seg, kjem det ein ny fare. NVE melder om at det vil bli stor skredfare fredag, grad 4. Det vil vere fare for sørpe- og jordskred. Folk vert bedne om å følgje med på varsom.no for oppdatert informasjon.