Politiet har halde ein fartskontroll i sekstisona på E39 i Liadal. Det vart skrive ut fire forenkla førelegg. Høgste fart vart 69 km/t i sekstisona.

Det vart samstundes halde promillekontroll. Det var 96 kontrollerte bilførarar. Politiet i Møre og Romsdal melder at det ikkje var nokon reaksjonar på apparata.