Vegen over Bjørkedalseidet mellom Bjørkedalen og Harpefossen stenger for vinteren i dag, tysdag 21. november.

Det melder Volda kommune på si heimeside.

Vegen stenger klokka 10.00, og stenginga gjeld frå begge sider av Bjørkedalseidet (Volda og Stad) og vil truleg vere permanent stenging for denne vinteren, skriv kommunen.