Politiet i Møre og Romsdal melder at UP gjennomførte ein promillekontroll i Ørsta laurdag føremiddag.

54 bilistar vart kontrollerte, og det var ingen reaksjonar, skriv politiet.

Litt nærare lunsjtid var UP i Åmdalen på trafikk-kontroll. Heller ikkje der køyde nokon av bilførarane med promille, men ein sjåfør fekk mangel-lapp for manglar på køyretøyet.