Det var ein svart BMW X5 som vart stolen frå ein bilverkstad i Volda mellom klokka 12 og 16 fredag ettermiddag.

Bilen vart raskt funnen att. Han var då parkert i Volda sentrum og utan skadar.

Kort tid etter pågreip politiet to personar som blir sikta for tjuveriet. Dei vart avhøyrte og dimittert fredag kveld.