– Det vil vere heilt naturleg at pasientar frå Indre Sunnmøre etter kvart orienterer seg mot Volda sjukehus.

Det seier fylkesleiar Frank Sve i Framstegspartiet.

Han var med i følgjet til finansminister Siv Jensen då ho torsdag vitja Volda sjukehus.

For Sve er det viktig at sjukehuset i Volda har eit godt tilbod. Han ser nemleg sjukehuset som eit potensielt lokalsjukehus for innbyggjarane i m.a. Stranda kommune.

– Med Kvisvegen har vi fått ferjefri veg til Volda/Ørsta. Frå Stranda når vi no Volda på ein time. Når rassikringa mellom Stranda og Hellesylt er ferdig i 2016, vil reisetida verte korta endå meir, og får vi gjennomslag for at fylkesveg 60 gjennom Hornindalen vert riksveg og opprusta, kjem vi ned i 45 minutt, seier Sve.

Då meiner han at Helse Møre og Romsdal må sjå nærmare på kva lokalsjukehus Indre Sunnmøre skal sokne til. Det er t.d. ikkje fritt sjukehusval på akuttoppdrag, og då meiner Sve at det må verte mogleg at pasientar i Stranda får velje å reise ferjefritt til Volda enn over Strandafjellet og med ferje over Storfjorden til Ålesund.

– Allereie er det raskare for oss å kome til Volda enn Ålesund sjukehus, seier Sve.

Han poengterer dessutan at tilboda i Ørsta/Volda har vorte mykje meir relevante etter at Kvivsvegen kom.

– Det gjel ikkje berre sjukehuset, men også handel og flyplassen, seier Sve.