Helge Hamre frå Volda er tilsett som ny rektor ved Ytre Herøy ungdomsskule, skriv Herøy kommune på sine heimesider.

Skulen er likevel ikkje heilt ny for han. Han har tidlegare vore lærar ved ungdomsskulen, og ser no fram til å vende tilbake som rektor etter skuleferien. Frå hausten av har Ytre Herøy ungdomsskule om lag 250 elevar.

- Eg arbeidde som lærar ved skulen i 2000 og 2001, og treivst veldig godt med eit heilt særeige og motiverande arbeidsmiljø, kommenterer han. Etter åra i Herøy fekk han lærarjobb ved Austefjord skule i Volda. Austefjord skule er både barne- og ungdomsskule. Hamre har nærmare 20 års erfaring som lærar, og dei to siste åra har han vore inspektør ved Ørsta ungdomsskule. Helge Hamre har allmennlærarutdanning frå Høgskulen i Volda. Han har også bygd på utdanninga si med ulike mastermodular i studiet regional utvikling og leiing som kvalifiserer for leiing i skulen. Det er emne som handlar om ulike prosessar, rettleiing og personutvikling. - Eg ser fram til å leie Ytre Herøy ungdomsskule som rektor. For meg er det viktig å vidareføre dei gode ideane og sikre ein god kultur for læring i trygge og motiverande omgjevnader, med eit godt kunnskapsgrunnlag i botn. Eg er veldig motivert for nye utfordringar no, avsluttar han engasjert.