Det vart ei fin og verdig minnegudsteneste i Ørsta kyrkjesøndag. På eittårsdagen for dei ubegripelege hendingane i Oslo og på Utøya, vardet ei mest fullsett Ørsta kyrkje som mintest dei 77 døde, og mellom dei GuroVartdal Håvoll frå Vartdal.

Brennande engasjement

- Guro var atten år. Ho hadde eit brennande engasjement, ogforstod at det må vere vilje til å leggje ned arbeid for å oppnå måla ho sette seg.Guro hadde kraft og ein indre styrke, sa leiar i Ørsta Arbeidarparti, PetterBjørdal, i sin tale under gudstenesta.

Han henta fram Guro sitt favorittsitat frå Mahatma Gandhi:  ”Ver forandringa du ynskjer å sjå i verda”.

- Er vi mange som stiller saman, kan vi endre verda, saBjørdal, og oppmoda folk om å ta del i dagens ofring i kyrkja, ei ofring somgjekk til Kirkens Naudhjelp og eit vassprosjekt i Etiopia. Det er eit prosjekteit eige minnefond etter Guro er dedisert til.

Fekk aldri kome heim

Sokneprest Matias Austrheim brukte mest heile preika si på22. juli. Han fortalde om Guro som sa farvel til foreldre og sysken, og drogtil AUF sin sommarleir på Utøya.

- Ho reiste for det ho trudde på og brann for. Ho fekk aldrikome heim igjen til sine kjære.

- I dag er vi her i kyrkja for å dele sorga med kvarandre,og saknet med kvarandre. Vi får kome fram for Gud med alt vi ber på, vårt rop,våre spørsmål, det vi ikkje forstår. Vi er her i bøn for Guro sine foreldre, ogfor alle dei som vart ramma av dei bestialske drapa og terroren. Ingen kanforstå ein annan si sorg fullt ut. Berre far og mor og den nærmaste familientil Guro kjenner den store sorga over eitt ungt menneske som ikkje fekk lov tilå leve vidare, sa  Austrheim i preika.

Oppgjer

Han viste til at gjerningsmannen har kalla seg kristen, ogAustrheim tok eit oppgjer med dette.

- Han misbruker kristendommen i sitt politiske og militanteprosjekt. Som kristen kyrkje avviser vi ein slik ideologi som falsk ogukristeleg. Ja, historia har vist at både ideologiar og religionar kan gjeremenneske fanatiske og blinde for sine menneske når eit menneskeliv berre vertredusert til eit middel for noko anna, sa Austrheim.

Kjærleik

Han trekte fram kjærleiken.

- Må Gud gje oss mot og kraft til å gå trua, håpet ogkjærleiken sin veg. Og størst av alt er kjærleiken, sa Austrheim.

Møre-Nytt kjem med meir frå minnegudstenesta i papirutgåva tysdag.

Peter Bjørdal heldt tale i Ørsta kyrkje. Foto: Rune Sæbønes