Det sa Audun Lysbakken då 1.-kandidat for SV i Møre og Romsdal, Yvonne Wold, fredag inviterte rektorane ved høgskulane i Volda og Molde til møte med partileiaren i Molde, heiter det i ei pressemelding frå Møre og Romsdal SV.

Viktige

Wold understreka i innleiinga si kor viktige høgskulane er for Møre og Romsdal.

– Høgskulane er sentrale når det gjeld å ruste regionen vår for framtida, både når det gjeld naudsynt omstilling av næringslivet og å skaffe kvalifisert arbeidskraft både til offentleg og privat næringsliv, sa ho.

Politikarane fekk oppdatert informasjon om status for strukturdebatten ved høgskulane, og også om kva følgjer den nye finansieringsordninga regjeringa går inn for vil få for mindre høgskular.

Rektor Gammelsæter i Molde var på møtet klar på at han ville reversert heile strukturreforma dersom han hadde kunna. Regjeringa spør ikkje etter kva som er bra for dei mindre høgskulane. Tvert om ser det ut til at dei vert straffa for å ikkje danse etter deira pipe. Rektor Roppen i Volda spurde stilte også spørjeteikn ved mantraet om at store einingar alltid gjev betre kvalitet.

Gjennomføringsevne

– Vi har god gjennomføring både når det gjeld bachelor og master, noko eg trur den tette oppfølginga vi gjev studentane skal ha ein stor del av æra for, sa han.

Wold lova at ho som stortingsrepresentant vil ta eit oppgjer både med sentraliseringsiveren, målstyringa og teljekantsystemet i offentleg sektor, som etter hennar meining reduserer både den akademiske fridomen og handlingsrommet til institusjonane.

SV-politikarane minte og om at SV i sitt alternative statsbudsjett gjekk inn for å reversere dei endringane i framlegget frå regjeringa som ville slå dårleg ut for høgskulane.

– Vi ynskjer ei langsiktig og føreseieleg finansiering, og i motsetning til regjeringa meiner vi at ein større del av finansieringa skal vere i form av basisløyvingar, seier Wold, som meiner dette vil styrkje studentoppfølgjing og studiekvalitet.