Politiet melder på Twitter tysdag ettermiddag at dei måtte rykke ut til ei hending i Volda der ei krakilsk kvinne knuste ting rundt seg.

Like etterpå melder dei om kontroll på staden. Kvinna vart arrestert og sett i varetekt.

Kvinna er mistenkt for fleire tjuveri i Volda onsdag, og hadde på seg fleire nøkkelknippe då politiet arresterte henne. Dei som saknar nøkkelknippe kan kontakte politiet på tlf. 02 800.