– Det at vi stiller klokka ein time fram betyr lysare ettermiddagar og at det er vår i lufta, seier næringsminister Jan Christian Vestre i ei pressemelding.

Som ansvarleg for Justervesenet er det næringsministeren som bestemmer kva som er riktig tid her i landet.

Ved å stille klokka ein time fram «mistar» vi timen mellom klokka 02.00 og 03.00. Denne timen vil vi «få» tilbake til hausten når klokka skal stillast tilbake til normaltid.

Mange lurer på kor lenge vi skal halde fram med vintertid og sommartid. I EU har det vore ein diskusjon om landa skal slutte å stille klokka. Saka er framleis under behandling.

– Vi kjem til å vente på avgjersla til EU før vi tar stilling til om vi skal slutte å stille klokka. Det er fleire omsyn ein må ta, som til dømes i næringslivet vil det vere ein fordel å ha same løysing som nabolanda våre, seier næringsministeren.

(©NPK)